Friday, June 1, 2007
To vandrande dollar i Kambodsja
Tuesday, May 22, 2007
Welcome to Thailand - duturutututu!
Khao San Road
Etter ei natt i fengselscella var det paa tide aa kome seg til meir siviliserte stroek. Vi endte opp i backpackergata Khao San Road. Vi tok inn paa Khao San Palace. Endeleg fekk vi vaare etterlengta luksusnetter - og det for den nette sum av 40 norske kroner. Kven kan forvente air condition, svoemmebasseng, takterrasse og eige bad for den prisen? Vi var i ekstase og bestemde oss for at dette var ein fin plass aa opphalde seg paa. Resten av Bangkokopphaldet vart stort sett tilbrakt saman med vaar kompis fraa grannelandet, og saman dro vi for aa sjekke ut den berykta restauranten "Cabbages and condoms". Konseptet gaar ut paa at alt overskudd fraa drifta gaar til aa fronte kampen mot spreiinga av HIV/AIDS. I staden for aa faa eit mintdrop
s saman med rekninga deler dei ut kondomar til alle gjestane. Mottoet er naturleg nok " we guarantee that our food won't make you pregnant".
Kos paa Koh Chang
Etter tre herlege dagar i den hektiske storbyen var det tid for aa sette snuten mot ein meir avslappa atmosfaere. Vi visste ikkje heilt kva vi gjekk til, men haapa paa det beste. Men vi visste lite om at dette skulle bli eit av dei stoerste hoegdepunkta paa heile turen til saman. Det var eit skot i blinde, som tilfeldigvis ga fulltreff. Vi slo oss ned paa lonely beach i ein snasen bungalow paa stranda med eigen terrasse og privat bad. Saa veldig privat var det riktignok ikkje, ettersom taket over dusj og do var laga av straa. Uka vi hadde paa Koh Chang vart brukt til aa slappe av paa stranda og godgjere brunfarga. Paa kveldstid fekk vi proevd dei berykta boettene. Andre kvelden paa oeya tok vi turen til baren "magic garden", og kvelden skulle vise seg aa bli nettopp det - MAGIC! Etter ein gratis tequila og ei drinkboette paa deling traff vi dei folka vi kom til aa henge saman med resten av uka. I og med at det var starten paa lavsesongen i Thailand unngjekk vi dei store folkemengdane, og lonely beach levde nestan opp til navnet.
Tut og venstrekjoer
Etter nokre dagar paa stranda bestemde vi oss for at vi ville sjaa meir av oeya. Vi leide ein stk sexy honda og ein stk snasen yamaha-scooter og susa rundt i bikini. Vi trudde venstrekoeyringa skulle bli eit stort problem, men innsaag fort at det berre var ein vanesak. Etter to timar bak rattet var vi utanfor sivilisasjonen. Og nettopp her vart vi konfrontert med vaar stoerste frykt. Bak ein sving lura ein graa-beige, lang, haeslig skapning. Opplevinga av slangen vara i maksimum fem sekund, men paa den tida rakk vi baade aa hyle, veive med armar og smette fotane opp til over rattnivaa. Trass i dette kom vi oss heilberga forbi. Men litt lenger bort i vegen lura nye farar. Vegen vi var i ferd med aa entre kan knappast kallast ein veg, den var snarare ein sti gjort av kvasse, store steinar. Dessutan hadde delar av den rast ut. Vi gjekk i den same fella som alle dei andre vi prata med. Den siste bakken opp mot Long beach var eit sant helvete. Raakoyraren Silje kom litt for fort inn i humpsvingen og havna i eit kaos av grus, eksos og ein hyperaktiv scooter. I forvirringa over at Silje laag og kravla i grusen vart Goeril saa sjokka at ho ga gass og gloeymde aa bremse og koeyrde scooteren rakt nedi steinroeysa sjolv ogsaa! Saman laag vi og kava nokre sekunder foer nokre lokale heltar bestemde seg for aa ta affaere og koeyre oss heilt fram til endestasjonen. Heldigvis fekk verken scooterane eller kroppane synlege skadar.
Treehouse - fest fraa morgon til kveld
Naar vi ikkje grilla flesket paa stranda slappa vi av i hengekoeyene paa den avslappa bungalowplassen "Treehouse" saman med folk fraa heile verda. Her vart vi kjende med eit lokalt band som oenska oss velkommen til Thailand kvar einaste kveld. Welcome to Thailan
d vart ein stor slager! Vaar nest siste kveld paa oeya hadde overnattingsplassen vaar, "Sunset", ein stor fest. Dette var kvelden for aa ta den heilt ut, og for aa ta ein real avskjed med yndlingsbandet vaart. Silje gjekk bananas og skvulpa i seg heile fem boettar med drink. Dette var ikkje saerleg heldig for neste morgon og elefantutflukta vi hadde planlagt. Ettersom magen ikkje var 100 prosent stabilisert gjorde ikkje dei gyngande elefantroeyslene saken betre. Silje hang som eit slips over vogna medan A.J fraa Canada og Antush fraa Australia proevde saa godt dei kunne aa sjaa ut som toeffe menn. Bileta viser at dei ogsaa var slitne etter siste kvelds sprell! Det hadde vore nok fest og fyll for ei stund, og sjoelv om det var trist aa seie ha det til gjengen var vi klar for eit nytt land.
Thursday, April 26, 2007
Kven er denne karen med raud shorts og boeyle paa?
Sunday, April 22, 2007
Costa Rica rundt med taxi, sykkel, buss og bil
Matorgie i Karibien
Men til Costa Rica kom vi no tilslutt. Vi hadde i utgangspunktet ingen planer, saa vi hoppa liksaagodt paa ein taxi og koeyrde han i 5 timar til den vesle byen Puerto Viejo paa den karibiske kysten av Costa Rica. I loepet av koeyreturen fekk vi sjaa mykje av det Costa Rica har aa by paa av natur, dy
Tut og kjoer med laast bildoer
Naar vi atter eingong stod paa eigne bein i den store verda vart vi hardt raaka av semana santa. Heile San Jose var ein einaste spoekelsesby, kor ein knapt kunne faa seg ein matbit. Dette ville vi ikkje vaere med paa, saa vi satte himmel og jord i bevegelse for aa kome oss til sol, strand og folkeliv.
Lavaboblar og svovellukt
Paa heimtu

Thursday, April 19, 2007
Seil din eigen sjoe paa Lake Titicaca
Tuesday, March 27, 2007
Vaart lille inka-eventyr
Star-Peru tok oss heilberga til Cusco. Trur vi delte fly med ca 100 russarar som saag ut som dei var henta ut fraa ein daarleg aattitallsfilm, heile gjengen! Trur ikkje vi har sett saa mange hockyar og batikk-aktige t-skjorter samla paa ein stad nokon gong! Klokka 07.00 vart vi moett av instrumentspelande lokalbefolkning i folkedrakter som fekk oss til a gloeyme at vi plutseleg befann oss 3500 moh. og hadde sove ca tre timar siste natta. Den foerste dagen i Cusco vart brukt i byen saman med dei andre fraa gruppa paa aa bli aklimatisert i hoegda. Sjoelv om gruppa bestod av folk med forskjellige interessar, trur eg ikkje vi kunne vore heldigare! Vi vart ein spleisa gjeng som flira hoegt og mykje. Dei aller fleste var i alderen 22-31 aar, minus ei i 50 aara fraa Canada og to rivjern av nokre damer paa 62-64 aar! Heile gjengen svaia litt av den tynne fjellufta, men fikk instruks om aa gaa paa supermercadoen for aa kjoepe coca-sweets, eller drikke coca-tea og daa vart alt saa mycket bettre. Cusco var ein sjarmerande fjellby. Veldig rein og saa foeltes han trygg samanlikna med Lima. Einaste minus var hopetal med innpaaslitne selgarar.
Dag 1
Natta foer vi la ut paa 5 dagers turen vaar i hoeglandet i Peru vaakna Goeril og foelte seg varm. Silje kunne konstatere at kroppstemperaturen tilsa at det var m
Dag2
Grytidlig onsdag morgon banka det paa doera vaar, og det var for alvor paa tide aa ta foettene fatt.
Dag 3
Vi vaakna til graut og omelett til frukost og la ut paa den hardaste etappa paa turen. No skulle vi heilt opp til 4200 moh. Goeril hadde framleis feber og gjekk som ei snegl
Dag 4
Klokka 05.30 vart vi frista ut av teltet med nystekte pannekakar og varm sjokolade. Goeril var framleis heit som ei steikeplate, men no var dei to verste dagane unnagjort og det ville vere feil aa gje opp. Vi starta fraa campside klokka 06.30. Daa hadde vaeret vorte graatt og vi maatte gaa i samla tropp under regnponchoane vaare paa grunn av taaka. I dag skulle vi berre gaa 10km og naturopplevelsen skulle vere meir i fokus enn sjoelve det aa gaa paa tur. Blant anna tok Alvaro (den andre guiden vaar) oss med inn paa ein 10-minutters sightseeing i jungelen for aa sjaa paa eit nyoppdaga inca-samfunn. Ganske spesielt, og ganske skummelt. Det skal visstnok vere ganske mange slangar (marionito) og store edderkoppar i omraadet, for no hadde vi bevega oss ned paa ca 3000 moh. Men slangefrykta
Dag 5
Naar César kom og vekte oss klokka 04.00 neste morgon hadde Goeril allereie vore vaaken sidan klokka 01.00 pga feberen. Det var ein usedvanleg stille gjeng som var samla rundt frukostbordet. Like foer klokka fem tok vi av mot Machu Picchu, berre for aa vente i ein halvtime ti minutt lenger bort for at checkpointen skulle opne. Saa bars det mot Intipunktu - the sungate, kor vi for foerste gong fekk eit glimt av ruinane. Saa mykje sol var det riktignok ikkje....plassen levde defini
Saturday, March 17, 2007
Kaldt klima i Lima
Inn vinduet - STOPP!
Heilt paa stranda i Miraflores ligg det et digert kjoepesenter. Vi proevde aa sjekke det den foerste dagen, men eg gjekk berre aa svimla paa grunn av baade soevn og matmangel, saa vi tusla opp igjen til hostelet Kusillus i tussmoerket for aa ta en tidlig kveld. Foroevrig eit genialt hostel, kor vi fekk vaar foerste varme dusj paa turen, og den var etterlengta! Einaste ulempa var at hostelverten kom hoppande inn soveromsvindauget ein morgon, saa Silje maatte gi han flathanda. No vart de nok bekymra der heime, mor og far, men det var ikkje saa dramatisk som det hoeyrdes ut!
Snart fjellgeiter
I Peru skal vi snart legge ut paa en 4-5 dagers tur i Andes-fjella, saa heilt slapp i fisken blir vi ikkje til vi kjem tilbake til Noreg. Men foer den tid er det andre inntrykk som skal fordoeyast. Paa veg inn fraa flyplassen, koeyrde vi gjennom ymse stroek i Lima. Ganske saa sjarmerende by om ein tar seg tid til aa sjaa litt betre etter! Overalt langs vegane staar det smaa skur (ikkje favela), du finn dei i dei mest fantastiske fargar. Bussane i byen er i knaesjfargar og er gjerne dekorerte med blomster og er skikkelig old-fashioned (ligner litt paa dei typiske skolebuss-trailerane som dei har i USA - i allfall paa film). Smaa stasjonsvognar er fyllt til randen med folk, og likevel vil dei ha fleire paa. Trur det meste vi har telt i ein 12-seter er i overkant av 20 menneske. Det er heilt fantastisk at det gaar an! Og plutseleg, uten det minste forvarsel, midt i vegen kan det staa ei kjerre paa felgane, som har kjoert av seg alle hjula. Vi har sett det med eigne auge. Eg gispa, og taxi-sjaafoeren flira! Det er visst ganske vanlig...og det faar oss til aa tvile litt paa kollektivtilbudet i det rare landet her...
Thursday, March 15, 2007
Baesj, spy og lokalfly!
........24 timar seinare
....rulla bussen inn pa Rodoviara Novo Rio. Stive nakkar, klamme rumpar og svette kroppar er stikkorda. Menneske luktar ikkje godt, det er sikkert og visst! Etter ein kalddusj, laante brasilianske fjaer og oppstaesjing paa brasiliansk vis var vi klar for Samba di Janeiro! Raphael og Amanda tok oss med paa Pinto Lounge, kor vi moette venene deira og drakk oss susa paa billege og gode caipirinas. Forholdet sprit-blandevatten er ikkje heilt det same som i Norge, og allereie etter den foerste drinken hadde funne vegen til magesekken var vi i full gang med show-show, ogsaa kalt heftig rumpeshaking. Om det var dei syrlege drinkane, eller noko anna som foraarsaka forma til Silje neste morgon er vanskeleg aa seie, men mesteparten av dagen vart iallefall tilbr
Busserull-tull
Dagen etter var plana aa reise til oeyparadiset Buzios. Vekkeklokka stod paa 05.00, saa vi skulle naa bussen klokka 06.30. Det var fire smale auger som gloetta opp fraa lakenposen, saa vi bestemde oss for aa utsette avreisa. Etter billettane var kjoept seinare paa dagen, fekk vi plutsleg beskjed om at dei maatte ha passinformasjonen vaar for at vi skulle faa leike med dei."Dette gaar fint", tenkte vi, "Det er ein og ein halv time til avreise og 6km aa koeyre tur/retur Copacabana, kor passa er, kor lang tid kan det ta?". Optimismen var uberettiga. Ein time seinare sat vi framleis og humpa paa same buss. Trafikken var saa tett som ein forstoppa turistmage, og det var med stor frustrasjon vi til slutt innsaag at vi kunne sjaa langt etter krittkvite strender og gode drinkar i strandparadiset Buzios.
Strand, sand og lekker mann
Sidan vi gjekk glipp av Buzios maatte vi gjere det beste ut av dagen paa Copacabana.Vi troppa opp med moerke solbrillar og knoettsmaa bikiniar paa brasiliansk vis. No skulle gringosane adoptere det brasilianske sjekkemoensteret. Mannfolka er tydelegvis ikkje saerleg vande til blonde, blaaugde damer, paa samme maate som vi ikkje er vande til slanke, knallbra trente, brune kroppar. Saa kvifor skal ikkje vi kunne plystre og slenge rundt oss med kompliment? For vi kan love det at det ikkje er mange metra mellom kvar plystring, og kvart "you´re beautiful" vi mottek, uansett kor faele og uflidde vi foeler oss. Vi faar smasking og kommentarar fraa alt fraa politimenn, oppstasa pikkoloar utanfor rike fine hotell, gamle menn fraa 40-90 aar og unge gutar paa 10 aar! Lurer paa kva norske gutar hadde sagt om vi hadde adoptert brasiliansk tankesett og returnert til Norge med 100-vis av "you´re beutiful" i sekken, akkompagnert av heftig smaskelydar? Trur det maa proevast ut paa ein tilfeldig bar, paa ein ukjend plass. Mission X.
Hoegt til sky med lokalfly
Saturday, March 10, 2007
Slangeangst i tette jungelkratt
Klam, klammare, klammast
I sjutida kom airconditionen tilbake og vi fekk heldigvis ei god natts soevn. Etter 22 timar paa bussen kom vi fram til Cataratas kor Foz de Iguaçu ligg. Klokka var seks-halv sju og vi kjende det hadde vore godt med ein dusj! Paa stasjonen moette vi endeleg ein kar som prata engelsk. Han kunne tilby oss hotellrom paa minuttet, for den nette sum 30r$ som er ca 85 kr. Rom med aircondition, tv, internett og stoooor frukostbuffet. Vi hoppa paa! Etter ein dusj og litt mat spratt vi opplagde inn i ein van og reiste over til Argentina og inn i jungelen.
Kilometervis med fossefall
Etter aa ha vandra ei stund i jungelen aapna det foerste fossefallet i Foz do Iguaçu seg foran auga vaare. Det var heilt fantastisk, og det var berre starten. Om nokon av dykk har spela dataspelet "lion king" som ungar, veit de om fossane der Simba og Timon og Pumba hoppar for aa samle sommarfuglar og larvar. Det var akkuat slik! Heilt fantastisk. Eg veit
Det gjorde det ikkje, heldigvis, for eg veit ikkje heilt korleis eg hadde reagert.
Ville dyr, troette menneske
I loepet av turen vaar fekk vi sjaa masse rare dyr. Eg kan ikkje navnet paa dei men den eine likna litt paa ei grevling med lang snute og litt paa ein apekatt. Merkeleg dyr!
Hasta la vista fraa to utkvilte toeytter ;)
Monday, March 5, 2007
Fear and loathing in Rio de Janeiro
Dundrande hjarte, springande puls
Men den frykta, den frykta, den kom snikande ein time eller saa inn i soevnen. Klokka naerma seg halv to og vi blir vekt av at telefonen ringer. Det var starten paa ein time med grublerier. Like etterpaa ringte telefonen igjen - lenge denne gongen. Forsaavidt ikkje noko nytt i det. Telefonen ringer i eit sett her i Avenida princesa Isabela 330, men vi tykte no det var litt rart at nokon skulle ha tak i Raphael saa seint sidan det var skule dagen etterpaa. Kanskje 30 sekund etterpaa kom det eit skarpt lys inn gjennom vinduet paa stua kor vi soev. Som om nokon lyste inn i stua med lommelykt/lyskastar/laser eller noko i den duren for aa sjekke at det verkeleg stemte at det ikkje var nokon til aa ta telefonen i leiligheita. Da vart vi redd! Og mindre redd vart vi ikkje daa det eit par minutt seinare hoyrdest nokre stygge lydar fraa gangen. Det var som om nokon vart kvelt der ute. Stygg sak, stygg sak, tenkte vi, og begynte aa bekymre oss for eigen sikkerhet. Eg personleg saag fjes overalt, og var redd for at nokon skulle klare a klatre seg opp og inn vinduet vaart i 7.etasje, ta smygaren inn gjennom gluggene paa do eller paa kjoekkenet eller sparke inn doera. Scenarioet stod klart i hodet - mann, maskert, gunner/kniv, tomt for verdisaker. Vi saag forresten ein politimann med pistolen retta mot ein bilist her om dagen, men det er ei anna historie! Uansett; lite skjedde, men vi hoyrde saa mange rare lydar, som naar kjoeleskapet ga fraa seg ein kneppelyd, waeaeaeh! var det doera no?? Vi maatte sjekke at det ikkje stod nokon galning paa kjoekkenet eller satt fast i luftinga paa do. Vi gjekk saman. Saa redde var vi. Det heile munna ut i at ingenting skjedde. Dessutan er det vakt ved inngangen 24-7, det er ei sjakt utanfor luftinga til kjoekken og bad som gaar sju etasjar ned og dei kvelingslydane var nok berre ein nabo med daarleg fordoeyingssystem eller magevondten! Natta vart litt prega av det, men det faar no berre vere.
Strand, sand og Kristusmann
Naar vi vakna paa mandagen var det duka for nok ein dag med skyfri himmel. Vi bestemde oss for aa komme oss paa stranda fort som f.... Vi skulle berre innom turistinformasjonen og fikse nokre bussbillettar. Dit fann vi ikkje fram. Dermed var vi paa stranda til litt over ellev. Resultatet er middags-poelse-rosa Goeril hud. Det trass i at vi berre laag der til to,
Hooochy-mamas og fucky-papas
Vel heime bestemde vi oss for aa ta ein matbit paa Mab´s restaurant langs strandpromenaden paa Copacabana. For alle som nokon gong har tenkt seg til Rio de Janeiro - ikkje gaa hit med mindre du har lyst paa eit dyrt betalt ligg. Greit nok at maten smakte godt, men restauranten bar tydeleg preg av aa vere ein undercover-restaurant. Horene oppererte ihvertfall undercover. Det gjorde det ekstra slutty. Usj, er vaar komentar til det heile! Med mange inntrykk aa fordoeye, er det dags for aa legge hodet paa puta og kroppen i lakenposen. Trur den skal bli bra smelly etterkvart!
Boa noite!
Saturday, March 3, 2007
Magisk moete paa club six

Men koea loesnar og vi begynner aa gle oss paa ein capirinha. I det vi kjem fram blir vi moett av eit hundretals menneske i gatene, og eg spoer meg, er det her festen er, inne i et smug? Neida, heldigivis ikkje. Vi maa berre faa VIP pass foerst. Saa er vi inne. Det er varmt. Glovarmt. Masse menneske og drinkar saa sterke at det svir i oeyrene! Fleire kjaerleiksaerklaeringar og nokre dansar seinare er eg paa tur ned, naar Raphael kjem og spoer om vi vil helse paa det eg oppfattar som "Omario". Videre seier han "you know, the brasilian footballplayer". Ok seier vi og foelger med. Han seier, "you want to take a picture?". Ok, tenkjer eg, han er sikkert stor her i Brasil. Bildet blir ein fiasko og "Omario" er lei, men Goeril og Silje gir seg ikkje saa lett, hukar tak i mannen, klenger seg til han og tek affaere sjoelv. Du veit, naar ein tek eit naerbilde av berre hoda. Saan vart det. Vi smiler, det samme gjer "Omario", sjoelv om han sikkert tykkjer vi er paagaaende. Rollane er sn

Friday, March 2, 2007
Foerste stopp, Rio de Janeiro

Men for aa starte med det foerste foerst...gaarsdagen var ein rar seanse. Reiste fraa Trondheim klokka kvart over ti, venta i Oslo i nokre timar foer vi sette oss paa flyet mot Paris. Her hamna vi saman med ein rar skalle som heitte Tommy. Han hadde ein ubestemmeleg alder, drakk mykje (kanskje han hadde flyskrekk?), men var eit lystig selskap. Trur han underheldt heile flyplassen i Paris! Dessutan sa han at hadde det ikkje vore

Uansett, no er det slutt paa hjernekapasiteten for denne gong. Froeken Furu og foeken Utigard er troeytte som duppar, og skal krype i bikinien under lakenposen! Sov godt!
Hasta la vista!!
Monday, February 19, 2007
Før vi reiser

No er det berre ni dagar til vi oppsøker framande land og kulturar. Den 1.mars dreg eg og Silje endeleg ut, etter mange månader med hard jobbing for å tene penger. Tusen takk for julegaver og anna økonomisk støtte frå de der heime. Det kjem garantert godt med på turen!
Tanken om den så og seie obligatoriske jorda-rundt-reisa vår starta hausten 2005, mest som ein ønskedraum, fordi slike lengre reiser sjeldan passar inn i ein elles så planlagt og strukturert studiekvardag. Kor ofte kan ein legge frå seg alt ein har i hendene og springe frå kvardagen i fleire månader? Ikkje ofte, men no klaffa det seg no slik for både meg og Silje, og vi måtte gripe sjansen. I fjor haust gjekk vi innom Kilroy i Trondheim, eigentleg berre for å sjekke litt prisar. Det endte opp med at vi fekk med oss ei reiserute som vi kunne tenke på nokre dagar...men vi var framleis nokså usikre. Usikkerheita vara ikkje lenge. Etter å ha bladd litt i katalogar, atlas og konferert foreldre med tankane våre, endte det med at vi stod med betalt reise før veka var omme. Etter då har det igrunn gått slag i slag. Eit semester borte frå Trondheim, tilbake i byen etter jul, fult vaksineringssirkus - kombinert med journalistjobb kvar dag frå 9-5 er ein vanskeleg kombinasjon, men no er eg i mål. Sekken er klar, riktignok ikkje pakka endå, eg er ferdigvaksinert, har kjøpt medisinar for ei formue og anna nødvendig reisestæsh!
Ein herleg gryande reisefeber er på plass - no er det stortsett berre good bye som gjenstår. For dei som vil følge med på reiseruta mi blir den slik: Brasil 1. - 15. mars, Peru 15. - 29. mars, Costa Rica 29.mars - 10. april, L.A 10. - 14.april, Thailand, Kambodsja og Vietnam 16.april - 12. mai, Kina 12.mai - 9.juni. Seint på kvelden 9.juni kjem vil til Gardermoen. Har vel framleis ikkje bestemt korleis vi reiser derifrå, men håper eg treff kjentfolk når eg er tilbake i dalen mellom fjella 10.juni! :)
So long. Oppdateringar kjem når vi har nett!