Saturday, March 3, 2007

Magisk moete paa club six

Det var to troette tryner som sette seg i bilen i tolvtida paa natta etter nokre heite timar paa Copacabana og Ipanema beach. Saa troett at vi vurderte aa ta kvelden allereie klokka ni. vi gjorde vel forsaavidt det og, men vakna rundt halv tolv av at Amanda og Raphael var paa tur til club six og ville ha oss med. Vi gnei soevnen ut av augene og hoppa i kleda. Paa vegen vart vi staaende i ei helsikes koe. Trur vi stod bom fast i eit kvarter, eg kjente eg vart troett igjen og tenkte at farsken, no kjem eg til aa sovne paa diskoteket - og det kan umuleg vere bra.

Men koea loesnar og vi begynner aa gle oss paa ein capirinha. I det vi kjem fram blir vi moett av eit hundretals menneske i gatene, og eg spoer meg, er det her festen er, inne i et smug? Neida, heldigivis ikkje. Vi maa berre faa VIP pass foerst. Saa er vi inne. Det er varmt. Glovarmt. Masse menneske og drinkar saa sterke at det svir i oeyrene! Fleire kjaerleiksaerklaeringar og nokre dansar seinare er eg paa tur ned, naar Raphael kjem og spoer om vi vil helse paa det eg oppfattar som "Omario". Videre seier han "you know, the brasilian footballplayer". Ok seier vi og foelger med. Han seier, "you want to take a picture?". Ok, tenkjer eg, han er sikkert stor her i Brasil. Bildet blir ein fiasko og "Omario" er lei, men Goeril og Silje gir seg ikkje saa lett, hukar tak i mannen, klenger seg til han og tek affaere sjoelv. Du veit, naar ein tek eit naerbilde av berre hoda. Saan vart det. Vi smiler, det samme gjer "Omario", sjoelv om han sikkert tykkjer vi er paagaaende. Rollane er snudd, no er det ikkje lenger den innpaaslitne brasilianaren, men dei innpaaslitne nordmennene. Naar eg vakna i dag morrest tenkte eg, ka faen, kan det ha vore Romario? Eg sender eit par meldingar og faar fra far: "Romario er nok en saa beroemt person at det nok blir lenge til du treffer en som er saa beroemt. Har for mange en stoerre status en kongen". Dette gjoer oss saa nysgjerrig at vi googler Romario for aa sjaa om det kan vaere nokon som helst form for likhet mellom vaart foto og foto av legenden. Og jo da, stemmer det! Prikk lik!Vi har moett mannen som har scora 992 maal i karrieren og har ca 100 landskampar for Brasil. Ein av verdas beste fotballspelar gjennom tidene. Vi var ikkje saa imponert i gaar, men i ettertid ser vi at det er heilt sjukt aa moete han!!

3 comments:

saekhow said...

Fan shit. Det var ju riktigt jäkla heavy! Hehe, och ni som inte såg det då. :P

Frøken Furu said...

hehe, jepp, det va ganske kjekt naar vi fann det ut! Har faatt bildet over paa cd no, saa da kjem det snart paa sida. Skrytebilde...hehe :) Koss gaar det i Trondheim, alt bra i Osenbanden? Hils fra me!

saekhow said...

Hehe, jo går bra här. Men du är saknad vettu!