Monday, March 5, 2007

Fear and loathing in Rio de Janeiro

Overskrifta er heldigvis litt meir dramatisk enn verkelegheita. Etter utallige formaningar foer reisa, kjem frykta lett til overflata - begrunna og ubegrunna! Mest det siste. I gaar tok vi tidleg kveld etter aa ha faatt servert god brasiliansk mat av mora til Amanda. Sist natt sov vi faktisk seks stykker i ei leilighet paa rundt 45 kvadrat. Fekk litt foelelsen av korleis det er aa vere storfamilie daa! :)

Dundrande hjarte, springande puls
Men den frykta, den frykta, den kom snikande ein time eller saa inn i soevnen. Klokka naerma seg halv to og vi blir vekt av at telefonen ringer. Det var starten paa ein time med grublerier. Like etterpaa ringte telefonen igjen - lenge denne gongen. Forsaavidt ikkje noko nytt i det. Telefonen ringer i eit sett her i Avenida princesa Isabela 330, men vi tykte no det var litt rart at nokon skulle ha tak i Raphael saa seint sidan det var skule dagen etterpaa. Kanskje 30 sekund etterpaa kom det eit skarpt lys inn gjennom vinduet paa stua kor vi soev. Som om nokon lyste inn i stua med lommelykt/lyskastar/laser eller noko i den duren for aa sjekke at det verkeleg stemte at det ikkje var nokon til aa ta telefonen i leiligheita. Da vart vi redd! Og mindre redd vart vi ikkje daa det eit par minutt seinare hoyrdest nokre stygge lydar fraa gangen. Det var som om nokon vart kvelt der ute. Stygg sak, stygg sak, tenkte vi, og begynte aa bekymre oss for eigen sikkerhet. Eg personleg saag fjes overalt, og var redd for at nokon skulle klare a klatre seg opp og inn vinduet vaart i 7.etasje, ta smygaren inn gjennom gluggene paa do eller paa kjoekkenet eller sparke inn doera. Scenarioet stod klart i hodet - mann, maskert, gunner/kniv, tomt for verdisaker. Vi saag forresten ein politimann med pistolen retta mot ein bilist her om dagen, men det er ei anna historie! Uansett; lite skjedde, men vi hoyrde saa mange rare lydar, som naar kjoeleskapet ga fraa seg ein kneppelyd, waeaeaeh! var det doera no?? Vi maatte sjekke at det ikkje stod nokon galning paa kjoekkenet eller satt fast i luftinga paa do. Vi gjekk saman. Saa redde var vi. Det heile munna ut i at ingenting skjedde. Dessutan er det vakt ved inngangen 24-7, det er ei sjakt utanfor luftinga til kjoekken og bad som gaar sju etasjar ned og dei kvelingslydane var nok berre ein nabo med daarleg fordoeyingssystem eller magevondten! Natta vart litt prega av det, men det faar no berre vere.

Strand, sand og Kristusmann
Naar vi vakna paa mandagen var det duka for nok ein dag med skyfri himmel. Vi bestemde oss for aa komme oss paa stranda fort som f.... Vi skulle berre innom turistinformasjonen og fikse nokre bussbillettar. Dit fann vi ikkje fram. Dermed var vi paa stranda til litt over ellev. Resultatet er middags-poelse-rosa Goeril hud. Det trass i at vi berre laag der til to, fordi ei diger boelge skylte oss og sakene vaares midt oppaa stranda. Sidan alt vi hadde med oss var vaatt og sandete bestemde vi oss for aa trekke oss tilbake til leiligheita, planlegge litt naar og kvar turen gaar etter Rio, og saa stikke og sjaa paa "Cristo", som passar paa byen. Holdt paa aa bli rundtlurt av ein taxisjaafoer, men vi tykte prisen var urimeleg og takka nei. Med hjelp fraa Raphael sank prisen med 3/4! Det er sport aa lure turistar! Tipper dei flirar godt og slaar seg paa magen kvar gong dei klarer aa lure ein blaaaugd turist. Vi skal ikkje bli ein del av statistikken! Vi fekk privatsjaafoer/guide/bil i Fernando paa tur opp mot "Cristo". Det kosta litt, men berre taxituren fraa copacabana ville kosta oss meir heime i Norge for aa sette det i perspektiv. Fernando var saman med oss i to timar og guida oss gjennom Tijuaca-forest som er ein jungel berre 15 minutt utanfor Rio de Janeiro. Her fekk vi sjaa nokre nydlege smaa apekattar som vi sjoelvsagt har bilete av. Etter ein kjapp stopp i jungelen, kor eg og Silje var pisseredd for slangar, var det paa tide aa komme seg til Corcovado (710 moh), kor "Cristo" staar. Det var ganske spesielt aa kome opp og sjaa han paa naert hold. 48 meter hoeg, med markerte ansiktstrekk, som ein herre over byen. Det var like foer solnedgang, og han stod der bada i eit merkeleg lys. Vi fekk teke bilda vaare, baade fine og dei av den meir userioese typen, og vendte nasen nedover mot bydelen "St.a Theresa" kor òg Maracana, den store fotballstadionen ligg. Fernandes koeyrde oss heilt heim. Ein triveleg fyr som var god i engelsk i Brasiliask maalestokk. Godt aa endeleg kunne foere ein skikkeleg samtale!!

Hooochy-mamas og fucky-papas
Vel heime bestemde vi oss for aa ta ein matbit paa Mab´s restaurant langs strandpromenaden paa Copacabana. For alle som nokon gong har tenkt seg til Rio de Janeiro - ikkje gaa hit med mindre du har lyst paa eit dyrt betalt ligg. Greit nok at maten smakte godt, men restauranten bar tydeleg preg av aa vere ein undercover-restaurant. Horene oppererte ihvertfall undercover. Det gjorde det ekstra slutty. Usj, er vaar komentar til det heile! Med mange inntrykk aa fordoeye, er det dags for aa legge hodet paa puta og kroppen i lakenposen. Trur den skal bli bra smelly etterkvart!
Boa noite!

2 comments:

saekhow said...

Hojsan, många upplevelser minsann! :P

Men bra är det, och fler blir det säkert. Himla skoj att läsa om era bravader!

Vidar said...

Det høyres jo ut som de kosa dykk hvertfall! Godt de har folkavet og vurderingsevna intakt, enn så lenge. Keep it coming, morro å lesa om sol og eksotiske opplevelsar, når eg sjølv sit i ein kald norsk vinterby.