Dundrande hjarte, springande puls
Men den frykta, den frykta, den kom snikande ein time eller saa inn i soevnen. Klokka naerma seg halv to og vi blir vekt av at telefonen ringer. Det var starten paa ein time med grublerier. Like etterpaa ringte telefonen igjen - lenge denne gongen. Forsaavidt ikkje noko nytt i det. Telefonen ringer i eit sett her i Avenida princesa Isabela 330, men vi tykte no det var litt rart at nokon skulle ha tak i Raphael saa seint sidan det var skule dagen etterpaa. Kanskje 30 sekund etterpaa kom det eit skarpt lys inn gjennom vinduet paa stua kor vi soev. Som om nokon lyste inn i stua med lommelykt/lyskastar/laser eller noko i den duren for aa sjekke at det verkeleg stemte at det ikkje var nokon til aa ta telefonen i leiligheita. Da vart vi redd! Og mindre redd vart vi ikkje daa det eit par minutt seinare hoyrdest nokre stygge lydar fraa gangen. Det var som om nokon vart kvelt der ute. Stygg sak, stygg sak, tenkte vi, og begynte aa bekymre oss for eigen sikkerhet. Eg personleg saag fjes overalt, og var redd for at nokon skulle klare a klatre seg opp og inn vinduet vaart i 7.etasje, ta smygaren inn gjennom gluggene paa do eller paa kjoekkenet eller sparke inn doera. Scenarioet stod klart i hodet - mann, maskert, gunner/kniv, tomt for verdisaker. Vi saag forresten ein politimann med pistolen retta mot ein bilist her om dagen, men det er ei anna historie! Uansett; lite skjedde, men vi hoyrde saa mange rare lydar, som naar kjoeleskapet ga fraa seg ein kneppelyd, waeaeaeh! var det doera no?? Vi maatte sjekke at det ikkje stod nokon galning paa kjoekkenet eller satt fast i luftinga paa do. Vi gjekk saman. Saa redde var vi. Det heile munna ut i at ingenting skjedde. Dessutan er det vakt ved inngangen 24-7, det er ei sjakt utanfor luftinga til kjoekken og bad som gaar sju etasjar ned og dei kvelingslydane var nok berre ein nabo med daarleg fordoeyingssystem eller magevondten! Natta vart litt prega av det, men det faar no berre vere.
Strand, sand og Kristusmann
Naar vi vakna paa mandagen var det duka for nok ein dag med skyfri himmel. Vi bestemde oss for aa komme oss paa stranda fort som f.... Vi skulle berre innom turistinformasjonen og fikse nokre bussbillettar. Dit fann vi ikkje fram. Dermed var vi paa stranda til litt over ellev. Resultatet er middags-poelse-rosa Goeril hud. Det trass i at vi berre laag der til to,
Hooochy-mamas og fucky-papas
Vel heime bestemde vi oss for aa ta ein matbit paa Mab´s restaurant langs strandpromenaden paa Copacabana. For alle som nokon gong har tenkt seg til Rio de Janeiro - ikkje gaa hit med mindre du har lyst paa eit dyrt betalt ligg. Greit nok at maten smakte godt, men restauranten bar tydeleg preg av aa vere ein undercover-restaurant. Horene oppererte ihvertfall undercover. Det gjorde det ekstra slutty. Usj, er vaar komentar til det heile! Med mange inntrykk aa fordoeye, er det dags for aa legge hodet paa puta og kroppen i lakenposen. Trur den skal bli bra smelly etterkvart!
Boa noite!
2 comments:
Hojsan, många upplevelser minsann! :P
Men bra är det, och fler blir det säkert. Himla skoj att läsa om era bravader!
Det høyres jo ut som de kosa dykk hvertfall! Godt de har folkavet og vurderingsevna intakt, enn så lenge. Keep it coming, morro å lesa om sol og eksotiske opplevelsar, når eg sjølv sit i ein kald norsk vinterby.
Post a Comment