Thursday, April 26, 2007

Kven er denne karen med raud shorts og boeyle paa?

Det likna litt paa Mitch'ern igrunn, men det var ikkje han det var Camerun, og han redda livet til ein hund. Introen starter riktignok med litt fiksjon, men saa veldig langt fraa sanninga er det ikkje. Det var med store auge vi troppa opp paa tv-seriestranda Santa Monica beach og fekk sjaa at dei gjennomtrena badevaktene var fast inventar ogsaa i verkelegheita! Men det maa seiast at Pamela Anderson alias C.J glimra med sitt fraavaer, og det maatte dei to norske froeknene ta tak i. I ekte baywatch-stil tok vi fram kikkerten, fann eit offer som laag halvdrukna i havet og gjorde ei god gjerning paa "muscle beach". Dei tre gjenstaaande dagane i Englebyen vart brukt til aa oppleve noko av det sirkuset L.A og Hollywood kan tilby.

Hus i sus og dus
Sidan overnattinga vaar laag paa Walk of fame mangla det ikkje paa beilarar som ville ha oss med paa diverse turistattraksjonar. Vi enda opp med aa ta ein citytour med limousin i Beverly Hills for aa sjaa paa husa til dei store celebritetane. Saa innmari mykje var det riktignok ikkje aa sjaa. Tom Cruise hadde blant anna polstra heile tomta med skog - den paranoide drittsekken. Ved naerare ettertanke er det kanskje ikkje saa rart, sidan det til eikvar tid staar 4-5 paparazziar utanfor porten med meterslange linsar og venter. Citytouren skuffa, trass i at vi fekk to timar i ein blankpolert Hummer-limmo og fekk sjaa huset til Johnny Depp, Jennifer Lopez, George Clooney og eit utal andre. Vi trivdes betre paa Jimmi Kimmel sitt talkshow og den paafoelgande konserten med Good Charlotte same kveld. Ikkje minst fordi vi fekk ansiktet vaart klistra utover riksdekkande amerikansk tv - mohaha! Neste morgon tok vi med oss Marlene fra Quebec til Universal studios. Det vart ein roeff start paa dagen med ein visitt i horror-huset. Ei stund frykta vi faktisk for livet etter at ein viss slakter kjeppjaga oss med ei blodig kjoettoeks og sperra for vegen ut. Ein tur inn paa Shrek-4D var derimot ein trivelegare affaere, sjoelv om seta rista saa vi nesten datt ut og vi vart blaute i trynet kvar gong eselet noeys. Etter diverse attraksjonar i parken bestemde vi oss for aa ta ein studiotur. I loepet av turen fekk vi ein storveies rundtur i Wisteria lane fraa desperate housewives, fekk sett settet til haisommer og forklart (og vist) at havet i pirates of the Caribean ikkje var stort stoerre enn ein vanleg utslagsvask og skipet paa storleik med ein stor leikebaat! Kven skulle tru det? Etter fire dagar blant rising stars, silikonpuppar og overfladiske menneske var vi glade for aa stige ombord paa vaar 18.timars lange flight til Asia.

Sunday, April 22, 2007

Costa Rica rundt med taxi, sykkel, buss og bil

Den 29. mars var det paa tide aa sette nasen nordover mot Costa Rica og mellomamerika. Vi hadde faatt Trond og Espen med oss paa teamet, og skulle ta ein taxi ut til flyplassen kvart over sju. Vi tofroeknene var for ein gongs skuld klare i rett tid, og blei litt bekymra daa vi ikkje hadde sett snurten av gutane i loepet av morgonkvisten. Heldigvis hadde vi terasse paa rommet og kunne sjaa rett inn pa soverommet deira. Der laag dei og sov av seg rusen fraa gaarsdagens fest - og vi er ganske sikre paa at dei ikkje hadde vore med flyet til San Jose om dei ikkje hadde to blonde englar til aa dra dei opp av sengehalmen!

Matorgie i Karibien
Men til Costa Rica kom vi no tilslutt. Vi hadde i utgangspunktet ingen planer, saa vi hoppa liksaagodt paa ein taxi og koeyrde han i 5 timar til den vesle byen Puerto Viejo paa den karibiske kysten av Costa Rica. I loepet av koeyreturen fekk vi sjaa mykje av det Costa Rica har aa by paa av natur, dyr og frukter. Saman med gutane vaare tok vi inn paa Agapi og fekk ei flott og ny leiligheit paa stranda. Eige kjoekken var det og - veldig nyttig ettersom vi hadde med oss to rivjern av nokre kokkar! Det var ei herleg avlsappande veke i Puerto Viejo etter nokre intense dagar i fjellet i Peru. Innimellom litt for roleg etter vaar smak paa grunn av holy week (semana santa), kor baade restaurantar, uteplassar og alt alkoholsal stenger ned. Etter klokka tolv natt til skjaertorsdag hadde snuten rassia paa dei fleste uteplassar og vi tusla slukoera heim att..ikkje akkurat slik paaskefeiring vi er vande med. I staden for afterski paa Oppdal, eller hyttefest paa fjellet, vart paaska feira med rolege dagar paa stranda med snorkling, bading og solsleiking. I tillegg leigde vi oss sykkel som vart flittig bruka. Den lengste turen var paa to mil paa den skranglete tohjulingen, og vi hadde satans vondt i rumpa. Men mosjonen var til ingen nytte, for i loepet av opphaldet paa ei veke fora Credo-kokkane oss med alskens herlege rettar, saa rumpestumpene vaare berre vaks og vaks! Shortsen stramma litt ekstra etter ei veke for aa seie det slik, og det var nesten paa tide at gutane hoppa paa flyet til Cuba....Den foelelsen vara ikkje saa lenge! Vaart foerste restaurantbesoek var ein kjempeskuff og vi var kritiske til maaltida heile resten av opphaldet i Costa Rica!

Tut og kjoer med laast bildoer
Naar vi atter eingong stod paa eigne bein i den store verda vart vi hardt raaka av semana santa. Heile San Jose var ein einaste spoekelsesby, kor ein knapt kunne faa seg ein matbit. Dette ville vi ikkje vaere med paa, saa vi satte himmel og jord i bevegelse for aa kome oss til sol, strand og folkeliv. Ettersom alle overnattingsstadene var fulle og bussane stappa anbefalte dei oss aa holde oss i hovudstaden sidan vi ikkje hadde nokon reservasjon. Men jentane visste raad, har dei ikkje rom, har vi bil, tenkte vi og sprang til naeraste utleigefirma. Ingenting kunne stoppe oss. Vi endte opp med ein snasen firhjulstrekkar, (ikkje akkurat nokon konebil dette!) og susa over til stillehavskysten. Vi endte opp i ferieparadiset Maunel Antonio, og fekk oss billeg overnatting paa andre forsoek. Dette er jentene som kan aa ordne seg. Riktignok hadde vi fem geckoar paa lampa over senga og ni andre slitne backpackarar paa rommet. Men etter nokre einsame timar i San Jose var slikt selskap trivsel! Her moette vi Ida og Stine som var paa bedriftstur med Gule sider. Dei hadde ogsaa leid bil, og hadde ikkje like gode erfaringar som oss...kvelden foer hadde vore noksaa actionfyld. Eit spoermaal om vegen til ein taxisjaafoer var like ved aa ende med kapring og ran! Hijacking mot turistar er visst vanleg paa natterstid, og den einaste grunnen til at dei slapp unna var at dei hadde betre bil og ein mannleg kollega som sjaafoer. Han var frekk nok til aa ta sjansar og koeyrde forbi fire vogntog paa rappen og fortsette i 200km/t! Dei brukte tjue timar paa same tur som vi gjorde paa fem. Historia sette ein stoekk i oss, og vi bestemde oss for aa beregne god tid paa heimturen for aa unngaa moerket.

Lavaboblar og svovellukt
Paa heimturen mot hovudstaden tok vi ein lite avstikkar for aa sjaa Costa Rica sin mest besoekte turistattraksjon, vulkanen Poas. Sidan regnsesongen hadde starta ein maanad foer den vanlegvis gjer, var ikkje vaeret heilt optimalt og utsikta tidvis graa.Men eit visst inntrykk fekk vi daa av dei voldsomme naturkreftane som roerer seg under overflata. Poas er ein av sju aktive vulkanar i landet, og hadde sitt siste skikkelege utbrudd paa midta av 1960-talet. Vi kjende lukta og saag roeyk og groent svovel i krateret, saa sjoelv om vi ikkje hadde den beste utsikta, var det opplevelsesrikt!


Thursday, April 19, 2007

Seil din eigen sjoe paa Lake Titicaca

Etter inkaturen bestemde vi oss for aa reise vidare mot byen Puno saman med trondheimsgutane Trond og Espen for aa sjaa dei beroemte flytande oeyane paa Lake Titicaca. Puno ligg ein sjutimars busstur soer for Cusco, grenser mot Bolivia og ligg 3800 moh! Lake Titicaca er verdas hoegstliggande innsjoe, saa lufta er fantastisk klaar og tynn. Vi hoppa paa ein firetimars baattur ut paa to av dei flytande oeyane. Trur dei er tretti i talet i alt og har tusen fastboande. Oeyane er bygd opp av noko straaaktig som det ogsaa gaar an aa ete. Vi skrella straa som bananar og proevesmaka, men tykte ikkje det smakte noko som helst igrunn...Kvar tredje maanad maa dei etterfylle med straa for aa unngaa at oeya rotnar fullstendig. Av og til kunne det vore greit aa bo paa ei flytande oey. Sjaa for deg foelgjande scenario; Du kjem heim etter ein lang fisketur for aa halde familien med mat. Eit rykte har i lengre tid gaatt om at far i huset har eit godt auge til ein yngre oeybeboar, men du har fnyst av ryktane. Det var laber fiskesesong og fangsten var skral og arbeidsdagen blir dermed forkorta. I det du sett foten inn i straahytta ser du eit fargerikt skjoert i full aksjon, og ditt verste mareritt vert bekrefta. Som det rivjernet av ei dame du er tek du fram jungelkniven og gaar laus pa oeya og kappar ho i to. No skal du jaggu seile din eigen sjoe! Independence day! Denne metoden er framleis vanleg paa dei flytande oeyane paa Lake Titicaca. Fantastisk!

Reint bortsett fraa Lake Titicaca var ikkje byen Puno noko aa skryte av. Vi vart lei og bestemde oss for aa ta returen etter eit doegn. Vi saag fram til late dagar med parasolldrinkar og strandliv i Costa Rica etter den kraftanstrengelsen inkaturen hadde vore.