Thursday, April 19, 2007

Seil din eigen sjoe paa Lake Titicaca

Etter inkaturen bestemde vi oss for aa reise vidare mot byen Puno saman med trondheimsgutane Trond og Espen for aa sjaa dei beroemte flytande oeyane paa Lake Titicaca. Puno ligg ein sjutimars busstur soer for Cusco, grenser mot Bolivia og ligg 3800 moh! Lake Titicaca er verdas hoegstliggande innsjoe, saa lufta er fantastisk klaar og tynn. Vi hoppa paa ein firetimars baattur ut paa to av dei flytande oeyane. Trur dei er tretti i talet i alt og har tusen fastboande. Oeyane er bygd opp av noko straaaktig som det ogsaa gaar an aa ete. Vi skrella straa som bananar og proevesmaka, men tykte ikkje det smakte noko som helst igrunn...Kvar tredje maanad maa dei etterfylle med straa for aa unngaa at oeya rotnar fullstendig. Av og til kunne det vore greit aa bo paa ei flytande oey. Sjaa for deg foelgjande scenario; Du kjem heim etter ein lang fisketur for aa halde familien med mat. Eit rykte har i lengre tid gaatt om at far i huset har eit godt auge til ein yngre oeybeboar, men du har fnyst av ryktane. Det var laber fiskesesong og fangsten var skral og arbeidsdagen blir dermed forkorta. I det du sett foten inn i straahytta ser du eit fargerikt skjoert i full aksjon, og ditt verste mareritt vert bekrefta. Som det rivjernet av ei dame du er tek du fram jungelkniven og gaar laus pa oeya og kappar ho i to. No skal du jaggu seile din eigen sjoe! Independence day! Denne metoden er framleis vanleg paa dei flytande oeyane paa Lake Titicaca. Fantastisk!

Reint bortsett fraa Lake Titicaca var ikkje byen Puno noko aa skryte av. Vi vart lei og bestemde oss for aa ta returen etter eit doegn. Vi saag fram til late dagar med parasolldrinkar og strandliv i Costa Rica etter den kraftanstrengelsen inkaturen hadde vore.

No comments: