Monday, February 19, 2007

Før vi reiser


No er det berre ni dagar til vi oppsøker framande land og kulturar. Den 1.mars dreg eg og Silje endeleg ut, etter mange månader med hard jobbing for å tene penger. Tusen takk for julegaver og anna økonomisk støtte frå de der heime. Det kjem garantert godt med på turen!

Tanken om den så og seie obligatoriske jorda-rundt-reisa vår starta hausten 2005, mest som ein ønskedraum, fordi slike lengre reiser sjeldan passar inn i ein elles så planlagt og strukturert studiekvardag. Kor ofte kan ein legge frå seg alt ein har i hendene og springe frå kvardagen i fleire månader? Ikkje ofte, men no klaffa det seg no slik for både meg og Silje, og vi måtte gripe sjansen. I fjor haust gjekk vi innom Kilroy i Trondheim, eigentleg berre for å sjekke litt prisar. Det endte opp med at vi fekk med oss ei reiserute som vi kunne tenke på nokre dagar...men vi var framleis nokså usikre. Usikkerheita vara ikkje lenge. Etter å ha bladd litt i katalogar, atlas og konferert foreldre med tankane våre, endte det med at vi stod med betalt reise før veka var omme. Etter då har det igrunn gått slag i slag. Eit semester borte frå Trondheim, tilbake i byen etter jul, fult vaksineringssirkus - kombinert med journalistjobb kvar dag frå 9-5 er ein vanskeleg kombinasjon, men no er eg i mål. Sekken er klar, riktignok ikkje pakka endå, eg er ferdigvaksinert, har kjøpt medisinar for ei formue og anna nødvendig reisestæsh!

Ein herleg gryande reisefeber er på plass - no er det stortsett berre good bye som gjenstår. For dei som vil følge med på reiseruta mi blir den slik: Brasil 1. - 15. mars, Peru 15. - 29. mars, Costa Rica 29.mars - 10. april, L.A 10. - 14.april, Thailand, Kambodsja og Vietnam 16.april - 12. mai, Kina 12.mai - 9.juni. Seint på kvelden 9.juni kjem vil til Gardermoen. Har vel framleis ikkje bestemt korleis vi reiser derifrå, men håper eg treff kjentfolk når eg er tilbake i dalen mellom fjella 10.juni! :)

So long. Oppdateringar kjem når vi har nett!