Tuesday, March 27, 2007

Vaart lille inka-eventyr

Den 19. mars klokka 03.15 ringde vekkerklokka sin sure jammer til stor ergrelse for to troeytte froekner. Det var paa tide aa sette nasen mot Cusco og Andesfjella. Flyet skulle ta av fraa flyplassen i Lima klokka 05.50 og vi moette gruppa vi skulle gaa inca-trailen saman med for foerste gong. Vanskeleg aa faa eit nokonlunde inntrykk saa tidleg paa morgonen, men det saag lovande ut!

Star-Peru tok oss heilberga til Cusco. Trur vi delte fly med ca 100 russarar som saag ut som dei var henta ut fraa ein daarleg aattitallsfilm, heile gjengen! Trur ikkje vi har sett saa mange hockyar og batikk-aktige t-skjorter samla paa ein stad nokon gong! Klokka 07.00 vart vi moett av instrumentspelande lokalbefolkning i folkedrakter som fekk oss til a gloeyme at vi plutseleg befann oss 3500 moh. og hadde sove ca tre timar siste natta. Den foerste dagen i Cusco vart brukt i byen saman med dei andre fraa gruppa paa aa bli aklimatisert i hoegda. Sjoelv om gruppa bestod av folk med forskjellige interessar, trur eg ikkje vi kunne vore heldigare! Vi vart ein spleisa gjeng som flira hoegt og mykje. Dei aller fleste var i alderen 22-31 aar, minus ei i 50 aara fraa Canada og to rivjern av nokre damer paa 62-64 aar! Heile gjengen svaia litt av den tynne fjellufta, men fikk instruks om aa gaa paa supermercadoen for aa kjoepe coca-sweets, eller drikke coca-tea og daa vart alt saa mycket bettre. Cusco var ein sjarmerande fjellby. Veldig rein og saa foeltes han trygg samanlikna med Lima. Einaste minus var hopetal med innpaaslitne selgarar.

Dag 1
Natta foer vi la ut paa 5 dagers turen vaar i hoeglandet i Peru vaakna Goeril og foelte seg varm. Silje kunne konstatere at kroppstemperaturen tilsa at det var mogleg aa steike egg paa laara hennar. Sidan feber er vanleg paa grunn av hoegdesjuke vart det med aa kaste innpaa eit par pinex og sove vidare. Formen var ikkje betre neste morgon, men det hangla og gikk. Klokka sju stod minivanen og venta paa oss og turen gjekk til Sacred Valley og Pisaq for aa for aa faa eit innblikk i inca-historien. Etterpaa gjekk turen til Urubamba for aa ete lunch. Siste stopp med buss foer vi skulle ta foettene fatt var Ollantaytambo. Fantastiske ruinar og ein rar, grisgrendt by.

Dag2
Grytidlig onsdag morgon banka det paa doera vaar, og det var for alvor paa tide aa ta foettene fatt. Vi skulle legge 16 km bak oss og stige 1000 meter den foerste dagen. Ingen spoek! Bussen koeyrde oss til det kjende startpunktet "km 82"kor vi moette dei 17 porterane vaare og to kokkar. Herifra vart vi losa gjennom checkpointen. Goeril hadde framleis feber og fortsette med aa stappa i seg pillar og fekk ein vidunderkur paa lokalt vis med alkohol under armane (!!?) av guiden vaar César som skulle foere oss gjennom fjellet dei fire dagane. Turen starta relativt roleg, men dei siste to-tre timane var hardt arbeid og kjendes godt i leggane! Etter ni timar med intens gaaing, berre avbrutt av ein herleg to-retters lunch, naadde vi tilslutt Llulluchapampa, foerste campsite paa 3700moh. Her venta snacks og treretters middag. Vi var daudslitne av aa bere sekkane vaare paa 5-6kilo, men vi skal vel kanskje ikkje klage. Porterane spring oppover lia med smaasandalar og godt mot og ei last paa minst 25 kilo paa ryggen. Som 62-aarige Janet sa paa siste dag: "It´s the porters who are the donkeys!". Likevel, det er betre no enn for berre nokre aar sidan, da bar dei gjerne 50 kilo! Vi tok kvelden klokka aatte og sov som ungar (bortsett fraa ei svettetokt midt paa natta for Goeril sin del) til Cécar banka paa teltet vaart klokka seks-halv sju paa morgonen.

Dag 3
Vi vaakna til graut og omelett til frukost og la ut paa den hardaste etappa paa turen. No skulle vi heilt opp til 4200 moh. Goeril hadde framleis feber og gjekk som ei snegle saman med dei gamle damene paa 62 aar. Men opp skulle ho. Ved hjelp av utallige Aspirina besteig ho til slutt dead womans pass paa 4215moh. Aldri saa lite kry daa! Etterpaa bars det nokre hundre meter nedover for lunch, foer vi igjen skulle opp i hoegda. Denne gongen 3900 moh. Her fekk vi sjaa kolibriar og plantar som berre blomstrar kvart 18.aar og hoeyrde lydane fraa fleire tusen froskar. Sjukt! Naerare seks var vi framme paa campside nummer to. Igjen venta ein fantastisk solnedgang og eit herremaaltid! Vi fekk beskjed om at vi kom til aa bli vekt grytidleg om vaeret var fint, saa vi hoppa inn i lakenposane foer klokka var ni.

Dag 4
Klokka 05.30 vart vi frista ut av teltet med nystekte pannekakar og varm sjokolade. Goeril var framleis heit som ei steikeplate, men no var dei to verste dagane unnagjort og det ville vere feil aa gje opp. Vi starta fraa campside klokka 06.30. Daa hadde vaeret vorte graatt og vi maatte gaa i samla tropp under regnponchoane vaare paa grunn av taaka. I dag skulle vi berre gaa 10km og naturopplevelsen skulle vere meir i fokus enn sjoelve det aa gaa paa tur. Blant anna tok Alvaro (den andre guiden vaar) oss med inn paa ein 10-minutters sightseeing i jungelen for aa sjaa paa eit nyoppdaga inca-samfunn. Ganske spesielt, og ganske skummelt. Det skal visstnok vere ganske mange slangar (marionito) og store edderkoppar i omraadet, for no hadde vi bevega oss ned paa ca 3000 moh. Men slangefrykta vaar har delvis vorte kurert etter x-antall timar i klamme skogar. Foerste dagen saag vi til og med ein daud beige-graa ein som laag paa grusen, og ingen av oss reagerte nevneverdig. Klokka 13.30 var vi allereie paa siste campsite og fekk ein herleg buffet til lunch. Etterpaa var det paa tide aa slappe av, ta seg ein oel paa puben som laag der og kanskje ta seg ein varm dusj? No var vi nesten tilbake til sivilisasjonen, og vi hadde ein strek i signal paa telefonen. Etter eit par timar med avslapping skulle vi paa ei lita utflukt 5-10 minutt unna i Wiñaywayna. Ei miniatyrutgaave av Machu Pichu, men mykje faerre folk og heilt fantastisk atmosfaere! César fortalde med stor innleving om korleis komplekset var bygd opp, om at sola peika rett paa plassen naar ho stod opp, slik at steinane vart varma opp og det vart betre vekstvilkaar for avlingane. Han fortalde ogsaa om at det laag der det laag for aa kombinere varme vindar fraa jungelen med kalde vindar fraa andesfjella. Heilt fantastisk at dei tenkte paa slikt for mange mange hundre aar sidan! Etterpaa fekk vi vin pa den arkeologiske plassen og hadde ei herleg stund foer middagen! Vi tok ein tidleg kveld i og med at vi skulle staa opp og starte siste etappe mot Machu Picchu klokka 04.00 neste morgon.

Dag 5
Naar César kom og vekte oss klokka 04.00 neste morgon hadde Goeril allereie vore vaaken sidan klokka 01.00 pga feberen. Det var ein usedvanleg stille gjeng som var samla rundt frukostbordet. Like foer klokka fem tok vi av mot Machu Picchu, berre for aa vente i ein halvtime ti minutt lenger bort for at checkpointen skulle opne. Saa bars det mot Intipunktu - the sungate, kor vi for foerste gong fekk eit glimt av ruinane. Saa mykje sol var det riktignok ikkje....plassen levde definitivt ikkje opp til navnet sitt. Trass i dette var det eit mektig syn som moette oss! Vi fekk to timar omvisning foer vi fekk tusle rundt aaleine. Naar den tid kom tok Silje turen saman med resten av gruppa, medan Goeril deisa ned paa ein benk, noeyt utsikta paa best mogleg maate og vart frakta ned til doktoren i Aguas Caliente. Ei oppleving i seg sjoelv. Legekontoret var meir som eit skur, folk sprang inn og ut av legekontora medan dei skulle proeve aa sette diagnose og tven stod paa full guffe i venterommet. Saa daa har legefascilitetane i Peru vorte gjenstand for utproeving ogsaa. At dei ikkje klarte aa gi nokon endeleg diagnose, gjorde at doktoren stod paa pletten paa hotellet naar vi kom fram til Cusco. Her vart det blodproevar og full ''kroppsvisittering'', og tre timar seinare var svaret klart - infeksjon. Dei hadde frykta Typhoidfeber eller malaria, saa lettelsen var igrunn ganske stor! Goeril fekk nokre rosa pillar, ein skikkeleg hestekur, saa skulle formen vere paa topp igjen etter eit par dagar.

1 comment:

Vidar said...

Detta va særs interessant lesning. Tippe dåkke fekk dåkke tidenes fjelltur der ja! Pluss at eg syns det va litt gøy at det krydde av indianerar med folkedrakt oppi der. Akkurat sånn eg såg for meg Peru.