Thursday, March 15, 2007

Baesj, spy og lokalfly!

Det var med vemod vi innsaag at ein flybillett fraa Foz do Iguacu ville foere to loffarar inn i ei slags oekonomisk krasjlanding. Difor falt valet nok ein gong paa busselskapet Pluma. Om det var dei gode eskene som lokka, eller om vi berre tenkte paa kor mange caipirinas vi ville faatt for mellomlegget er vanskeleg aa seie. Uansett kom vi heseblesande paa stasjonen 10 minutt foer bussen til Rio satte nasen nordover- klar for ei ny langoekt sittande paa raeva. Den foerste proevande sniffen inn gjennom bussdoera roepa at dette kom til a bli ein helsikes tur. Bussen stinka kattepiss! Ei fattig troeyst var at sjoelvinnsikta sa oss at vi kom til aa absorbere eima, stinke like ille og bli immune i loepet av dei naeraste to timane. Forresten fekk vi ikkje Pluma-eska heller. Det var ein kjempeskuff! Nedtur paa nedtur. Men etterkvart viste turen seg likevel aa bli riktig saa underhaldande. "Mr. Taiwan", paa setet bak oss vart gjenstand for merksemd daa ein lokal ville teste ut engelskkunnskapene sine. Dei var ikkjeeksisterande, og dermed gjekk kommunikasjonen over i heftig floetepus-boybandsang. Mr. latinamerican Idol underholdt heile bussen med floeyelsstemma si. Vi vrei oss i smerte!

........24 timar seinare
....rulla bussen inn pa Rodoviara Novo Rio. Stive nakkar, klamme rumpar og svette kroppar er stikkorda. Menneske luktar ikkje godt, det er sikkert og visst! Etter ein kalddusj, laante brasilianske fjaer og oppstaesjing paa brasiliansk vis var vi klar for Samba di Janeiro! Raphael og Amanda tok oss med paa Pinto Lounge, kor vi moette venene deira og drakk oss susa paa billege og gode caipirinas. Forholdet sprit-blandevatten er ikkje heilt det same som i Norge, og allereie etter den foerste drinken hadde funne vegen til magesekken var vi i full gang med show-show, ogsaa kalt heftig rumpeshaking. Om det var dei syrlege drinkane, eller noko anna som foraarsaka forma til Silje neste morgon er vanskeleg aa seie, men mesteparten av dagen vart iallefall tilbrakt rautane over doskaala. Men som den tapre vikingen ho er, kravla ho seg ned paa stranda etterkvart. Og slik gaar no dagane - den siste veka har generelt vore prega av ymse baesj og spyprat. To oemfintlege nordboarmagar er tydelegvis ikkje vande til urban bakterieflora. Dette har faatt oss til aa lengte etter det Silje saa fint kalte "trygg kylling". Trur vi skal vere bra lei av ost, loff og flaskevatten foer vi staar med foettene godt planta paa norsk jord igjen.

Busserull-tull
Dagen etter var plana aa reise til oeyparadiset Buzios. Vekkeklokka stod paa 05.00, saa vi skulle naa bussen klokka 06.30. Det var fire smale auger som gloetta opp fraa lakenposen, saa vi bestemde oss for aa utsette avreisa. Etter billettane var kjoept seinare paa dagen, fekk vi plutsleg beskjed om at dei maatte ha passinformasjonen vaar for at vi skulle faa leike med dei."Dette gaar fint", tenkte vi, "Det er ein og ein halv time til avreise og 6km aa koeyre tur/retur Copacabana, kor passa er, kor lang tid kan det ta?". Optimismen var uberettiga. Ein time seinare sat vi framleis og humpa paa same buss. Trafikken var saa tett som ein forstoppa turistmage, og det var med stor frustrasjon vi til slutt innsaag at vi kunne sjaa langt etter krittkvite strender og gode drinkar i strandparadiset Buzios.

Strand, sand og lekker mann
Sidan vi gjekk glipp av Buzios maatte vi gjere det beste ut av dagen paa Copacabana.Vi troppa opp med moerke solbrillar og knoettsmaa bikiniar paa brasiliansk vis. No skulle gringosane adoptere det brasilianske sjekkemoensteret. Mannfolka er tydelegvis ikkje saerleg vande til blonde, blaaugde damer, paa samme maate som vi ikkje er vande til slanke, knallbra trente, brune kroppar. Saa kvifor skal ikkje vi kunne plystre og slenge rundt oss med kompliment? For vi kan love det at det ikkje er mange metra mellom kvar plystring, og kvart "you´re beautiful" vi mottek, uansett kor faele og uflidde vi foeler oss. Vi faar smasking og kommentarar fraa alt fraa politimenn, oppstasa pikkoloar utanfor rike fine hotell, gamle menn fraa 40-90 aar og unge gutar paa 10 aar! Lurer paa kva norske gutar hadde sagt om vi hadde adoptert brasiliansk tankesett og returnert til Norge med 100-vis av "you´re beutiful" i sekken, akkompagnert av heftig smaskelydar? Trur det maa proevast ut paa ein tilfeldig bar, paa ein ukjend plass. Mission X.

Hoegt til sky med lokalfly
Onsdag kveld stod vi klare med sekkane vaare paa copacabana. Foerste etappe av turen er tibakelagt. Ganske trist, men samstundes veit vi at opplevingane staar i koe. Etter aa ha brukt 44 av 72 timar paa bussen forrige veke, var det dags for aa proeve fascilitetane paa Brasils lokalfly. Vi reiste med VoeGol fra Rio de Janeiro til Saö Paulo, trur det er ca det same som Norwegian, hvertfall er det ca dei same prisane. Det var ein humpete affaere! Vel nede i Saö Paulo traff vi fem trivelege gutar fraa israel som vi campa saman med i vente paa innsjekkinga til Peru. Samme kor vi kjem moeter vi likesinna og vi underheld kvarandre i ventinga.

1 comment:

Linedanser said...

heisann!

Samma kor my kattpisslukt, mageproblem å irriterende dårlige engelsk kunnskapa dokker bli utsatt for! E E KJEMPEMISSUNLIG!
Jungel, strand, ass-shakin rythms å eksotiske bussreisa! Kos dokker masse! Glede me t å hør alle røverhistorian når dokk kjem heim.
Kos og klem
Line