Saturday, March 17, 2007

Kaldt klima i Lima

Torsdag 15.mars kom vi fram til Peru etter to herlige veker i Brasil. Vi bor i den tryggaste bydelen i Lima, som heiter Miraflores. Vi hadde ikkje saa store forventningar til Lima i utgangspunktet. Alle pratar drit om Lima og vi trudde det var veldig fattig. Men bydelen Miraflores ser ut som ein kva som helst metropol. Byen er ganske forureina og dei dagane vi var der var det akkurat i skifte mellom aarstida sommar og vinter saa det var mykje kaldare og meir taakete enn vi hadde sett for oss! Men til vaar store overrasking fann vi grovbroed og noko som likna paa leverpostei paa supermarkedet. Dette hadde vi gaatt aa fantasert om under heile Brasilopphaldet. Berre eit iskaldt glas norsk melk mangla. Maa ha det, berre maa ha det!! Som tidlegare nevnt hadde Silje etterlyst trygg kylling etter magasjau i Brasil. Ein tur paa eit lokalt kjoettmarked i Lima overbeviste oss om at "kylling, nei, det skal ikkje etast i det landet her". Antittryggkylling!

Inn vinduet - STOPP!
Heilt paa stranda i Miraflores ligg det et digert kjoepesenter. Vi proevde aa sjekke det den foerste dagen, men eg gjekk berre aa svimla paa grunn av baade soevn og matmangel, saa vi tusla opp igjen til hostelet Kusillus i tussmoerket for aa ta en tidlig kveld. Foroevrig eit genialt hostel, kor vi fekk vaar foerste varme dusj paa turen, og den var etterlengta! Einaste ulempa var at hostelverten kom hoppande inn soveromsvindauget ein morgon, saa Silje maatte gi han flathanda. No vart de nok bekymra der heime, mor og far, men det var ikkje saa dramatisk som det hoeyrdes ut!


Snart fjellgeiter
I Peru skal vi snart legge ut paa en 4-5 dagers tur i Andes-fjella, saa heilt slapp i fisken blir vi ikkje til vi kjem tilbake til Noreg. Men foer den tid er det andre inntrykk som skal fordoeyast. Paa veg inn fraa flyplassen, koeyrde vi gjennom ymse stroek i Lima. Ganske saa sjarmerende by om ein tar seg tid til aa sjaa litt betre etter! Overalt langs vegane staar det smaa skur (ikkje favela), du finn dei i dei mest fantastiske fargar. Bussane i byen er i knaesjfargar og er gjerne dekorerte med blomster og er skikkelig old-fashioned (ligner litt paa dei typiske skolebuss-trailerane som dei har i USA - i allfall paa film). Smaa stasjonsvognar er fyllt til randen med folk, og likevel vil dei ha fleire paa. Trur det meste vi har telt i ein 12-seter er i overkant av 20 menneske. Det er heilt fantastisk at det gaar an! Og plutseleg, uten det minste forvarsel, midt i vegen kan det staa ei kjerre paa felgane, som har kjoert av seg alle hjula. Vi har sett det med eigne auge. Eg gispa, og taxi-sjaafoeren flira! Det er visst ganske vanlig...og det faar oss til aa tvile litt paa kollektivtilbudet i det rare landet her...

1 comment:

Vidar said...

Morsomt rim... Høyres ut som det e ei besluttsom reisevenninna du har med deg Gøril:-) Nå e det forresten nesten så dåkke kan angra på turen. Men bare nesten. Rundt 15 grader og øl/t-skjortever her i gamlelandet. Hels lamaane, indianerane og dei udugelige mekanikerane i Peru!