Saturday, March 10, 2007

Slangeangst i tette jungelkratt

Etter vel ei veke i Rio begynte oppdagartrangen aa ta overhand. Rio var bra, men ikkje saa veldig annleis enn andre storbyar om ein ser bort ifraa varmen og kvite strender saa langt auget rekk. Torsdags morgon sette vi oss paa ein buss fra Rodivarioen (busstasjonen i Rio) for aa kome oss til Foz de Iguaçu i soerlige Brasil heilt paa grensa til Argentina. 22 timar med buss! Det starta bra. Vi fekk utdelt ein boks med salte kjeks, banan-og kanel-kake, juice og energybar. Vi var noegde! Securityvakt med pistol og heile pakka, trygt skal det vere. Aircondition var det paa bussen og. Straalande! Vi sovna med ein gong. Dette kan berre bli bra! Etter fire timar, det vil si rundt klokka eitt, streika airconditionen og det rann svette fraa alle mulige kroppsaapningar, alle porar - ja, fraa overalt. Alt var klamt og jaaevlig! Vi hadde eit haap om at dei skulle fikse det i Sao Paulo, men nei da. Saman med Japanaren Eiichiro var vi dei einaste utlendingane som ikkje skjoente spraaket, men eg trur airconditionen funka til sjaafoeren, saa da var det vel ikkje saa noeye med oss som hadde betalt for turen....

Klam, klammare, klammast
I sjutida kom airconditionen tilbake og vi fekk heldigvis ei god natts soevn. Etter 22 timar paa bussen kom vi fram til Cataratas kor Foz de Iguaçu ligg. Klokka var seks-halv sju og vi kjende det hadde vore godt med ein dusj! Paa stasjonen moette vi endeleg ein kar som prata engelsk. Han kunne tilby oss hotellrom paa minuttet, for den nette sum 30r$ som er ca 85 kr. Rom med aircondition, tv, internett og stoooor frukostbuffet. Vi hoppa paa! Etter ein dusj og litt mat spratt vi opplagde inn i ein van og reiste over til Argentina og inn i jungelen. Det er ingen spoek for to froekner med slangefobi! Saman med tre fraa australia, ei fraa Polen og guiden vaar tok vi vaare foerste vaklande steg inn i den 40 grader varme og klamme jungelen. Vi var pisseredd!! Kvar ein bevegelse i jungelkrattet kunne potensielt vere ein slange. Vi skulle vere 8 timar i jungelen. Allereie etter den foerste halvtimen fann vi ut at den dusjen vaar hadde lite for seg. Svetten rann i strie straumar!

Kilometervis med fossefall
Etter aa ha vandra ei stund i jungelen aapna det foerste fossefallet i Foz do Iguaçu seg foran auga vaare. Det var heilt fantastisk, og det var berre starten. Om nokon av dykk har spela dataspelet "lion king" som ungar, veit de om fossane der Simba og Timon og Pumba hoppar for aa samle sommarfuglar og larvar. Det var akkuat slik! Heilt fantastisk. Eg veit ikkje korleis eg kan forklare det paa ein anna maate. Etter aa ha traska rundt i jungelen i fleire timar hoppa vi paa ein baat som tok oss over "Rio iguaçu" til oeya Isla San Martin for ein idyllisk badeopplevelse med mange hundre fossar som omringa oss. Kanskje det kulaste eg har gjort. Greit nok at Norge har fantastisk natur, men ingenting som liknar dette! Silje hadde faatt nok av slangeredsel og ville ikkje i jungelen paa oeya som var litt villare. Ho vart att og bada, medan eg slengde meg med tre gutar Phillip (fra L.A), ein kar fra england og ein Argentinar. Dei kunne passe paa meg om det dukka opp ein slange :)
Det gjorde det ikkje, heldigvis, for eg veit ikkje heilt korleis eg hadde reagert.

Ville dyr, troette menneske
I loepet av turen vaar fekk vi sjaa masse rare dyr. Eg kan ikkje navnet paa dei men den eine likna litt paa ei grevling med lang snute og litt paa ein apekatt. Merkeleg dyr! Etterpaa saag vi krokodille, skilpadde, marsvin, ein fugl som likna paa ei kraake, men hadde store gule auge, maaange store firfislar, tropisk maur paa 2-3 cm og noko som likna paa ei stor rotte, men visstnok var noko heilt anna...moro! Tilbake paa hotell Village foz var baae to heilt utslitt. Vi hadde drukke og ete alt for lite og bestemte oss for aa ta ein powernap fraa halv sju til kvart over sju. Det var forsovidt det som skjedde, berre at powernapen vara 12 timar lengre enn planlagt!! Riktignok vaakna vi saann i 23-tida og var vaakne i ca eit kvarter. Vi brukte minutta godt og gjekk laus paa det vi hadde av proviant. Dvs. ei halv pakke seige rugsproe og vidunderpakka fraa busselskapet Pluma. Skikkeleg etargilde! No skal vi snart sette oss paa enten buss eller fly tilbake til Rio og saa tilbringe dei siste dagane vi har i Brasil i Brigitte Bardots paradis, Buzios utanfor Rio!
Hasta la vista fraa to utkvilte toeytter ;)

3 comments:

saekhow said...

:D fan vad avundsjuk jag är, trots massa svetta och "slangeskrekk"!

Frøken Furu said...

hehe, men snart ska jo du te Thailand og! Det bli bra! :) Haape vi treffes der, det hadd vaert skõy! Kor lang tid har du igjen i osenbanden no?

saekhow said...

hehe, jess, ja fanden måste träffas ja! en helsikes fest tillsammans måste vara :D

ska väl jobba ut mars med Osen och dudsn, men snacka evt om att jobba lite i påsk också. får se, hänger med jag liksom!

lycka till vidare ni nudå iallafall, hörs.