Thursday, April 26, 2007

Kven er denne karen med raud shorts og boeyle paa?

Det likna litt paa Mitch'ern igrunn, men det var ikkje han det var Camerun, og han redda livet til ein hund. Introen starter riktignok med litt fiksjon, men saa veldig langt fraa sanninga er det ikkje. Det var med store auge vi troppa opp paa tv-seriestranda Santa Monica beach og fekk sjaa at dei gjennomtrena badevaktene var fast inventar ogsaa i verkelegheita! Men det maa seiast at Pamela Anderson alias C.J glimra med sitt fraavaer, og det maatte dei to norske froeknene ta tak i. I ekte baywatch-stil tok vi fram kikkerten, fann eit offer som laag halvdrukna i havet og gjorde ei god gjerning paa "muscle beach". Dei tre gjenstaaande dagane i Englebyen vart brukt til aa oppleve noko av det sirkuset L.A og Hollywood kan tilby.

Hus i sus og dus
Sidan overnattinga vaar laag paa Walk of fame mangla det ikkje paa beilarar som ville ha oss med paa diverse turistattraksjonar. Vi enda opp med aa ta ein citytour med limousin i Beverly Hills for aa sjaa paa husa til dei store celebritetane. Saa innmari mykje var det riktignok ikkje aa sjaa. Tom Cruise hadde blant anna polstra heile tomta med skog - den paranoide drittsekken. Ved naerare ettertanke er det kanskje ikkje saa rart, sidan det til eikvar tid staar 4-5 paparazziar utanfor porten med meterslange linsar og venter. Citytouren skuffa, trass i at vi fekk to timar i ein blankpolert Hummer-limmo og fekk sjaa huset til Johnny Depp, Jennifer Lopez, George Clooney og eit utal andre. Vi trivdes betre paa Jimmi Kimmel sitt talkshow og den paafoelgande konserten med Good Charlotte same kveld. Ikkje minst fordi vi fekk ansiktet vaart klistra utover riksdekkande amerikansk tv - mohaha! Neste morgon tok vi med oss Marlene fra Quebec til Universal studios. Det vart ein roeff start paa dagen med ein visitt i horror-huset. Ei stund frykta vi faktisk for livet etter at ein viss slakter kjeppjaga oss med ei blodig kjoettoeks og sperra for vegen ut. Ein tur inn paa Shrek-4D var derimot ein trivelegare affaere, sjoelv om seta rista saa vi nesten datt ut og vi vart blaute i trynet kvar gong eselet noeys. Etter diverse attraksjonar i parken bestemde vi oss for aa ta ein studiotur. I loepet av turen fekk vi ein storveies rundtur i Wisteria lane fraa desperate housewives, fekk sett settet til haisommer og forklart (og vist) at havet i pirates of the Caribean ikkje var stort stoerre enn ein vanleg utslagsvask og skipet paa storleik med ein stor leikebaat! Kven skulle tru det? Etter fire dagar blant rising stars, silikonpuppar og overfladiske menneske var vi glade for aa stige ombord paa vaar 18.timars lange flight til Asia.

No comments: