Tuesday, May 22, 2007

Welcome to Thailand - duturutututu!

Vi hadde i utgangspunktet store planer om aa bu paa luksushotell etter helvetesflighten mellom to kontinent, men som dei to vimsekoppane vi er klarte vi ikkje aa faa til ein reservasjon foer vi sat paa flyplassen i L.A. Resultatet vart at vi vart liggande paa noko som likna ei trang fengselscelle. Vi var smale i augane og smaaforvirra etter x-antall filmar paa China airlines i loepet av vaar 18-timars lange flight til Thailand. Tradisjonen tru var vi difor eit lett bytte for lumpne taxisjaafoerear. Vi meinte vi hadde gjort ein superdeal naar vi betalte 900 baht for turen inn til sentrum. Summen, som paa det tidspunktet virka som ein aalreit pris, viste seg aa vaere det naeraste vi har kome eit ran saa langt paa turen vaar ettersom prisen vanlegvis ligg paa rundt 200. Det var med hevn i blikket vi gjorde oss klar for priskrig. Kalaset starta med ein times tuc-tuctur kor vi fekk sett dei viktigaste turistattraksjonane for den nette sum av 5baht pr pers (omkring 0,85NOK). Den foerste kvelden paa Thailandsk jord skulle vi moete Nareas (ein svensk-thailandsk kompis av Goeril) og feire bursdag. Han hadde med seg kusina si Mae som fortalde at ho aldri hadde hoeyrd om nokon som hadde faatt saa bra pris - hevnen var soet!

Khao San Road

Etter ei natt i fengselscella var det paa tide aa kome seg til meir siviliserte stroek. Vi endte opp i backpackergata Khao San Road. Vi tok inn paa Khao San Palace. Endeleg fekk vi vaare etterlengta luksusnetter - og det for den nette sum av 40 norske kroner. Kven kan forvente air condition, svoemmebasseng, takterrasse og eige bad for den prisen? Vi var i ekstase og bestemde oss for at dette var ein fin plass aa opphalde seg paa. Resten av Bangkokopphaldet vart stort sett tilbrakt saman med vaar kompis fraa grannelandet, og saman dro vi for aa sjekke ut den berykta restauranten "Cabbages and condoms". Konseptet gaar ut paa at alt overskudd fraa drifta gaar til aa fronte kampen mot spreiinga av HIV/AIDS. I staden for aa faa eit mintdrops saman med rekninga deler dei ut kondomar til alle gjestane. Mottoet er naturleg nok " we guarantee that our food won't make you pregnant".

Kongen er konge

Allereie foerste dagen i Thailand la vi merke til at 70 prosent av dei vi moette gjekk med gule t-skjorter med eit slags emblem paa seg. Vi trudde det var ein helvetes stor tropp av golfspelarar paa tur, men gud saa feil vi tok! Etter aa ha spekulert litt kring fenomenet fann vi ut at det var ei "hyllest til kongen"-skjorte. Og det er berre ein av faa verkemiddel dei har for aa heidre kongen. Overalt er det plakatar med "long live the king", og i kinoen maa alle opp og staa i tre minutt medan det rullar ein nasjonalromantisk film med kongen over skjermen, akkompagnert av nasjonalsangen. Av dei droeyt 65 millionane som bor der, har kongen ein stor fanklubb! Sjaa for deg det du Harald!! Hadde Noreg brukt ein femtedel av Thailand sitt budsjett paa aa heidre kongen, hadde det vore propaganda for lenge sidan!


Kos paa Koh Chang

Etter tre herlege dagar i den hektiske storbyen var det tid for aa sette snuten mot ein meir avslappa atmosfaere. Vi visste ikkje heilt kva vi gjekk til, men haapa paa det beste. Men vi visste lite om at dette skulle bli eit av dei stoerste hoegdepunkta paa heile turen til saman. Det var eit skot i blinde, som tilfeldigvis ga fulltreff. Vi slo oss ned paa lonely beach i ein snasen bungalow paa stranda med eigen terrasse og privat bad. Saa veldig privat var det riktignok ikkje, ettersom taket over dusj og do var laga av straa. Uka vi hadde paa Koh Chang vart brukt til aa slappe av paa stranda og godgjere brunfarga. Paa kveldstid fekk vi proevd dei berykta boettene. Andre kvelden paa oeya tok vi turen til baren "magic garden", og kvelden skulle vise seg aa bli nettopp det - MAGIC! Etter ein gratis tequila og ei drinkboette paa deling traff vi dei folka vi kom til aa henge saman med resten av uka. I og med at det var starten paa lavsesongen i Thailand unngjekk vi dei store folkemengdane, og lonely beach levde nestan opp til navnet.

Tut og venstrekjoer

Etter nokre dagar paa stranda bestemde vi oss for at vi ville sjaa meir av oeya. Vi leide ein stk sexy honda og ein stk snasen yamaha-scooter og susa rundt i bikini. Vi trudde venstrekoeyringa skulle bli eit stort problem, men innsaag fort at det berre var ein vanesak. Etter to timar bak rattet var vi utanfor sivilisasjonen. Og nettopp her vart vi konfrontert med vaar stoerste frykt. Bak ein sving lura ein graa-beige, lang, haeslig skapning. Opplevinga av slangen vara i maksimum fem sekund, men paa den tida rakk vi baade aa hyle, veive med armar og smette fotane opp til over rattnivaa. Trass i dette kom vi oss heilberga forbi. Men litt lenger bort i vegen lura nye farar. Vegen vi var i ferd med aa entre kan knappast kallast ein veg, den var snarare ein sti gjort av kvasse, store steinar. Dessutan hadde delar av den rast ut. Vi gjekk i den same fella som alle dei andre vi prata med. Den siste bakken opp mot Long beach var eit sant helvete. Raakoyraren Silje kom litt for fort inn i humpsvingen og havna i eit kaos av grus, eksos og ein hyperaktiv scooter. I forvirringa over at Silje laag og kravla i grusen vart Goeril saa sjokka at ho ga gass og gloeymde aa bremse og koeyrde scooteren rakt nedi steinroeysa sjolv ogsaa! Saman laag vi og kava nokre sekunder foer nokre lokale heltar bestemde seg for aa ta affaere og koeyre oss heilt fram til endestasjonen. Heldigvis fekk verken scooterane eller kroppane synlege skadar.

Treehouse - fest fraa morgon til kveld

Naar vi ikkje grilla flesket paa stranda slappa vi av i hengekoeyene paa den avslappa bungalowplassen "Treehouse" saman med folk fraa heile verda. Her vart vi kjende med eit lokalt band som oenska oss velkommen til Thailand kvar einaste kveld. Welcome to Thailand vart ein stor slager! Vaar nest siste kveld paa oeya hadde overnattingsplassen vaar, "Sunset", ein stor fest. Dette var kvelden for aa ta den heilt ut, og for aa ta ein real avskjed med yndlingsbandet vaart. Silje gjekk bananas og skvulpa i seg heile fem boettar med drink. Dette var ikkje saerleg heldig for neste morgon og elefantutflukta vi hadde planlagt. Ettersom magen ikkje var 100 prosent stabilisert gjorde ikkje dei gyngande elefantroeyslene saken betre. Silje hang som eit slips over vogna medan A.J fraa Canada og Antush fraa Australia proevde saa godt dei kunne aa sjaa ut som toeffe menn. Bileta viser at dei ogsaa var slitne etter siste kvelds sprell! Det hadde vore nok fest og fyll for ei stund, og sjoelv om det var trist aa seie ha det til gjengen var vi klar for eit nytt land.

No comments: