Friday, June 1, 2007

To vandrande dollar i Kambodsja

Overgongen fraa idylliske Thailand til naturskjoenne, men triste Kambodsja var eit brutalt slag i trynet. Naar vi sette oss paa bussen saman med Emma og Charlotte fraa Sverige klokka sju i Thailand visste vi lite kva som venta oss 12 timar lengre aust. Etter seks timar paa bussen kom vi til Poi Pot kor vi maatte ordne med visum til kambodsja. Grensekryssinga var eit sant mareritt. Ikkje berre fordi det tok paa tida. Allereie femti meter inn paa kambodsjansk jord fekk vi ein smakebit av kva som venta oss dei neste dagane. Det var med store auge vi observerte foreldrelause, nakne, smaa babyar, utsulta ungar som tagg og slo kvarandre og smaa gutar, som i mangel paa betre toey, gjekk i skjoert. Paa grunn av situasjonen i landet er turistar aa rekne som ein vandrande dollar blant lokalbefolkninga. Difor er det ogsaa mykje lureri og utnytting av turistar. Dette fekk vi foele paa kroppen foer vi hadde vore i landet i ein time. Vaar eigen turguide paa bussen lura oss til aa veksle inn Thaibahten vaar til kambodsjansk mynteining med latterleg daarleg kurs. Vi vart begge svindla for fleire hundre norske kroner! Daa vi endeleg sette kursen mot Siem Riep var vi dritsure paa grunn av mykje venting og saag fram til ein avslappande busstur. Men berre ti minutt ut i reisa satt vi med hjartet i halsen og frykta for livet. Vegen, om ei kan kalle det det, kan berre opplevast og ikkje beskrivast med ord. Men for aa faa eit perspektiv paa det, sett kambodsjanske vegar dei smale vegane i den norske fjellheimen i eit saers godt lys. Det er reine highwayen til samanlikning. I ettertid har vi faatt hoeyre at flyplassen i Siem Riep betaler styresmaktene ein viss sum i aaret for at dei ikkje skal ordne paa vegane. Paa den maaten klarer flyselskapa aa tvinge folk til aa ta fly framfor buss. Saerleg i regntida. Dette er ein stor tankevekkar sidan Siem Riep er den mest besoekte turistbyen i landet paa grunn av Angkor Wat-templa.

Skammelig scam

Vel framme i Siem Riep proevde busselskapet nok ein gong og lure oss. Denne gongen med saa aa seie aa tvinge oss til aa bo paa eit stygt og dyrt hotell. Vi hadde tydelegvis havna paa "scam-bussen" fraa Bangkok, og hadde faatt nok av lureriet. Vi lata som vi allereie hadde ein reservasjon og kom oss ut av ufoeret. Havna i ei bakgate midt i sentrum paa eit saerst lokalt gjestehus og budde for 2$ natta hos eit hyggeleg vertskap - og det beste - vi fekk ein tuc-tuc koeyrar med paa kjoepet. Neste morgon tok han oss til Angkor Wat-templa og koeyrde oss rundt i 7-8 timar for 7$. Området består av fleire hundre tempel, men det er kun eit ti tals som er opne for turistar i dag. Det er funne dokumentasjon på at Angkortempla har hatt like stor religoes verdi for folka i regionen som Roma hadde for dei kristne i Middelhavsområdet. Navnet Angkor er både eit område og ei tidsepoke, og templa var ein gong sentrum i eit kongerike prega av umåteleg rikdom og makt. Det staar i stor kontrast til det Kambodsja ein ser i dag, saa etter aa ha sett templa foelte vi at vi hadde sett nok av byen. Dei mange triste skjebnene paa gata gjorde det fristasamt aa forflytte seg soerover mot Phnom Penh.

Brutal historie

Midt under bussturen soerover punkterte vi. Det var keisamt at vi rota vekk ein halvtimes tid paa aa skifte dekk, men opplevinga av stirrande lokalbefolkning var ein liten kuriositet i seg sjoelv. Vel framme i Hovudstaden Phnom Penh var det saavidt vi kom oss ut av bussen. Utanfor stod lass paa lass med tuc-tuc-foerarar som overfalt oss foer vi klarte aa stige ut av bussen. Det virka som om dei var villig til aa gaa over lik for aa tjene den dollaren det kosta oss aa bli koeyrd til hotellet. Phnom Penh er ikkje ein by for sarte sjelar, ein ser seg over skuldra ein ekstra gong. Overalt heng det "missing person"-plakatar av turistar som har forsvunne og vi har hoeyrd om turistar som har blitt skote paa open gate. Dessutan blir ein anbefalt aa halde godt om veska naar ein koeyrer tuc-tuc, sidan den vanlegaste forma for ran skjer ved at ein moped koeyrer opp paa sida av vogna og dreg veska ut av handa paa deg. Dag to i byen var vi og saag brennmerka etter Pol Pot-regimet paa midta av 70-talet. Foerst gjekk turen til ein berykta killing field kor det framelis ligg beinrestar og klesplagg fraa meir enn 10 000 avrettingar. Omraadet var kjempefint, men tanken paa kva som har hend der fekk det til aa gaa kaldt nedover ryggen paa oss. For aa faa eit djupare innblikk i historia var vi ogsaa innom S-21 (security prison 21), no eit museum som viser kva som paagjekk under Pol Pot og Roed de Khmer. Brutale bilete, torturredskap og historier overbeviste oss om at vegen fraa 1975 og fram til i dag maa ha vore lang for Kambodsja. 4 millionar vart drepne under Pol Pot.

Dei to siste dagane i Kambodsja vart brukt til aa gaa i diverse marknader og til aa henge med aussien Antush som kom etter oss fraa Thailand.

1 comment:

Anonymous said...

Hello. This post is likeable, and your blog is very interesting, congratulations :-). I will add in my blogroll =). If possible gives a last there on my blog, it is about the Celular, I hope you enjoy. The address is http://telefone-celular-brasil.blogspot.com. A hug.